Dette er en side om Gourmetklubben, mat, drikke, livsnytelse og friluftsliv.
Dette er en side om Gourmetklubben, mat, drikke, livsnytelse og friluftsliv.
| Hjem | Om Gourmetklubben | Gourmet mat | Drikke | Friluftsliv | Ting og tang | Linker | kontaktsiden | Gjestebok |

Med stang eller handsnøre i naturen

Med stong eller handsnøre kan du:
fiske heile året etter saltvass fisk i sjøen - både frå båt og land, utan å betale fiskaravgift. Du kan også fiske gratis etter laks, sjøaure og sjørøye med stong frå land heile året - og frå båt i fiskesesongen frå 1.6. til 4.8. Men merk deg at fiskesesongen kan variere lokalt.Eit unntak er Oslo og Akershus der du kan fiske med stong frå båt etter laks, sjøaure og sjørøye heile året.

Ved fiske i elvar og vassdrag må du løyse fiskaravgift (til staten) og vanlegvis betale fiskekort (til grunneigar). Er du under 16 år, kan du fiske gratis etter innlandsfisk i perioden 1.1. til 20.8 - utan å betale fiskaravgift. Dette gjeld ikkje vassdrag med laks, sjøaure eller sjørøye, heller ikkje krepsefangst eller fiske i kunstige fiskedammar. Enkelte vatn og vassdrag kan vere unnateke regelen, og for desse skal det vere sett opp skilt om at gratis fiske ikkje gjeld. Før du byrjar å fiske må du setje deg inn i fiskereglane. Meir detaljert informasjon finn du i brosjyra "Sportsfiske i Norge".

Fiskar du i utmark, hugs:
• legitimasjon på at du er under 16 år
• at du ikkje brukar levande fisk som agn
• at du ikkje flyttar levande fisk til anna vassdrag
• å tørke fiskereiskap, støvlar og vadarar før du flyttar til eit anna vatn for å unngå spreiing av levande organismar og sjukdom
• at fiskereiskap brukt i vassdrag med smittsam fiske-sjukdom skal desinfiserast
• å sløye og vaske fisken i det vatnet den er fanga
• å nytte etablerte rasteplassar/bålplassar og respektere bålreglar
• at du ikkje uroar andre fiskarar eller brukarar
• å respektere nærings- og brukarinteresser, m.a. ved ferdsel til og frå fiskestad

Vær nøye med å rydde fiske- og rasteplassen når du dreg. Avfall tek du med, ingenting skal liggje att. Ver føre var - unngå spreiing av fiskeartar og fiskesjukdomar!

Prøv turistinformasjonen eller kommunen om du treng opplysingar om lokale tilhøve. Informasjon om friluftslivaktivitetar kan du få hos Friluftslivets Fellesorganisasjon på tlf.nr.: 66 90 01 46

Tilbake til friluftsliv

| Hjem | Om Gourmetklubben | Gourmet mat | Drikke | Friluftsliv | Ting og tang | Linker | kontaktsiden| Toppen |
Copyright © 2014 by Gourmetklubben Mat og venner